Jobb hjå oss

Vestlamell er alltid på jakt etter gode folk til produksjonen!

  • Er du heil ved på ekte?
  • Kan du handtera både menneske og maskinar?
  • Vil du forma arbeidsdagen din sjølv?

Vestlamell er ei trevarebedrift i rask utvikling. Me har stadig behov for dyktige folk med erfaring eller interesse for trevarebransjen.

Lurer du på korleis det å jobba i Vestlamell? I det omvendte jobbintervjuet nedanfor får du svar på nesten alt:

– Fortell meir!

– Her er plass til alle typar folk, og du er inkludert frå første dag. Me er veldig spente på kven du er, kva du kompetanse du har med deg og ditt blikk på korleis me gjer ting. For vår del set me av god tid til å introdusera deg for både folk og fag.

– Er det mange menn her?

–Ja, førebels: Produksjonsteamet består av tre menn, og dagleg leiar er dame. Men uansett kven du er, kven du deler postkasse med eller kva du står for, er det plass til deg i Vestlamell.

– Eg veit korleis ei furu ser ut, men ikkje heilt sikker korleis lamellar skal limast.

– Du får sjølvsagt opplæring! Me er forskjellige og lærer på ulike måtar, så i Vestlamell lagar me ein opplæringsplan tilpassa deg, med praktisk og teoretisk innføring. Me går gjennom produksjonen, med alt frå maskinar til kvalitetssjekkar og HMS. Me snakkar også om treslaga me bruker til ulike prosjekt, som furu, eik, accoya og ask. Det er dessutan viktig at du får innblikk i korleis me er organiserte, kven kundane er, og alt om ordrar og produksjonsflyt.

– Ok?

– Ja, og dette går begge vegar. Det er viktig at du får rom for å utvikla deg fagleg, så Vestlamell satsar på folk og kompetanse. Dersom me ikkje utviklar oss, kjem me fort inn i ein forutsigbar tralt som ikkje er spesielt god for verken deg eller Vestlamell. Når du byrjar i jobben, tar me ein prat om moglegheiter innan fagleg utvikling – både kva du er interessert i og kva Vestlamell treng. Her kan du få kompetanseheving i form av kurs, og ta fagbrevet i bedrift.

– Fint, men korleis er arbeidsmiljøet?

– Me har ein hyggjeleg og sakleg tone, med fokus i produksjonen og litt meir tøys i pausane. Det skal vera kjekt å komma på jobb. Miljøet vårt er prega av høg kunnskap om tre – og produksjonen vår består av mange arbeidsoppgåver. Her jobbar ein god blanding av folk som har jobba her frå 40 år til nokre månadar. Me ser at dei som passar best inn i Vestlamell, er med og får ting til å skje.

Kontakt dagleg leiar Ragnhild S. Narmo på ragnhild@vestlamell.no.

– Har de eit liv utanom jobben?

– Ja! Om du bur med familie eller er på sjølvstyr, kan du kombinera jobben med plikter, interesser og dugnad.

– Kven skal eg ta kontakt med?

– Send ein e-post til Ragnhild!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.